Bispenominasjonen i Bjørgvin er klar

Bjørgvin bispedømeråd har nominert fem kandidatar til å bli biskop etter Halvor Nordhaug.

Bispedømerådet har nominert følgjande kandidatar til å bli biskop (f.v.): Stephanie Dietrich (foto: Erlend Berge), Sunniva Gylver (foto: Harald Bø), Ragnhild Jepsen, Nils Terje Lunde (foto: Forsvaret) og Gudmund Waaler.

Dei nominerte  (i alfabetisk rekkefølgje)

  • Stephanie Dietrich (56), professor ved VID
  • Sunniva Gylver (55), sokneprest i Fagerborg
  • Ragnhild Jepsen (53), domprost i Nidaros
  • Nils Terje Lunde (51), nestkommanderande i Forsvarets tros- og livssynskorps
  • Gudmund Waaler (59), domprost i Bjørgvin

Det er tre kvinner og to menn som er nominert. Dei er i alderen 51 til 59 år.

Kandidatane sine svar på 10 spørsmål, vil bli offentleggjort på denne nettsida i løpet av dagen.

Då bispedømerådet gjekk offentleg ut og ba om forslag på navn til mogelege bispekandidatar, kom det inn forslag på 96 ulike kandidatar. Bispedømerådet har ikkje vore bundne til å vurdera berre desse kandidatane, dei har også hatt høve til å intervjua kandidatar som ikkje stod på lista. 

Dei fem kandidatane som er nominerte i dag, er vald ut etter intervju og behandling i Bjørgvin bispedømeråd. – Det har vore spennande og interessante intervju, seier Vemund Øiestad som er leiar i Bjørgvin bispedømeråd.

I bispedømerådsmøtet som gjorde vedtak om nominasjon av nye bispekandidatar til Bjørgvin, var desse med (f.v.): Biskop Halvor Nordhaug, Nora Sætre Baartvedt, Karl Johan Kirkebø, Turid Fjose, Oddny Irene Miljeteig (nestlaiar), Vemund Atle Øiestad (leiar), Jan Ove Fjelltveit (stiftsdirektør og sekretær for bispedømerådet, ikkje stemmerett), Astrid Fylling, Kjersti Brakestad Boge, Per Hilleren og Anita Apelthun Sæle.

Etter rådets nominasjon er det etter regelverket høve til supplerande nominasjon, innan 2. desember 2022. Sjå lenke til reglar for dette nedst på denne sida.

Den 6. desember vil alle nominerte kandidatar bli presenterte gjennom intervju og ein felles samtale. Denne presentasjonen, som vil gå føre seg i St. Jakob, er i regi av Kyrkjerådet og vil vera open for publikum. Den kan også følgjast direkte på nettet. 

Neste steg i valprosessen er rådgjevande avstemming fram til 5. januar. Dei som har stemmerett er sokneråda og ungdomdsrådet i Bjørgvin, alle prestar og vigsla kateketar, diakonar og kantorar i ordna kyrkjeleg stilling bispedømet, prostane i heile landet, representantar frå teologiske utdanningsinstitusjonar og representantar frå Ungdommens kyrkjemøte. Sjå detaljar om dette på nettsida om prosessen ved bispeskiftet i Bjørgvin (lenke nedst på sida).

Når det står att tre kandidatar, skal alle biskopane og bispedømerådet i Bjørgvin gje sin uttale før Kyrkjerådet bestemmer kven av desse som blir den 35. biskopen i Bjørgvin.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"